Informasjon

Tid
Fra torsdag 24. oktober 2024 kl. 12:00
Til fredag 25. oktober 2024 kl. 12:00
Påmeldingsfrist
Tirsdag 1. oktober 2024 kl. 16:00

TEMA FOR ÅRETS SAMLING:

"Eit regionalt perspektiv på Stortingsmelding 18 - Ein forbetra tilstand for villreinen"

Stortingsmeldinga presenterer regjeringa sin politikk for å betre tilstanden for villrein i Noreg. Meldinga skildrar villreinen si historiske utvikling og betydning for dei første menneska i Noreg, kva utfordringar villreinen står overfor i dag, og kva som er regjeringa sine konkrete mål for villreinen sin tilstand.

Lenke til stortingsmeldinga:

Meld. St. 18 (2023-2024) Ein forbetra tilstand for villreinen

 

OM HEIPLANSAMLINGA:

Heiplansamlinga er ein årleg møteplass og samlar mellom anna fylkesordførarar, ordførarar, politikarar, administrasjon, interesseorganisasjonar, destinasjonsselskap og næringsaktørar.

Hensikten med samlinga er mellom anna å følgje opp Heiplanen. Målet med Heiplanen er å sikre villreinens leveområde samstundes som vi har livskraftige bygder i villreinfjella.

I år er det Agder fylkeskommune som er vertskap, og samlinga skal vera på Hovdestøylen hotell på Hovden i Bykle kommune.

Lenke til Heiplanen: Regional plan for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei

 

PROGRAM:

Programkomiteen er i gang med å utarbeide detaljert program for samlinga. Meir informasjon kjem her etter kvart.

Vi har avgrensa tal plassar, så meld deg gjerne på i dag!

Du melder deg på samlinga her - sjå ulike alternativ i skjemaet.

Vi sender faktura på eigendel.

Overnatting ordnar du sjølv. Sjå eiga fane.

 

 

Informasjon

Tid
Fra torsdag 24. oktober 2024 kl. 12:00
Til fredag 25. oktober 2024 kl. 12:00
Påmeldingsfrist
Tirsdag 1. oktober 2024 kl. 16:00
Avmeldingsfrist
Onsdag 16. oktober 2024 kl. 23:59

Overnatting

Overnatting bestiller og betaler du sjølv direkte til Hovdestøylen hotell.

Bruk koden AGDER2024 ved bestilling.

Du kan bestille på telefon 37938800 eller til post@hovdestoylen.com.

Vi har forhandla fram svært fordelaktige prisar for våre deltakarar.

 

Dato: 24.10-25.10

Enkeltrom: Kr. 1000,- inkludert frokost.

Dobbeltrom/ eige soverom i delt leilighet: Kr. 700,- per person inkludert frukost

 

For deg som ønskjer å kome dagen før kan Hovdestøylen tilby ekstra god pris på overnatting:

Dato: 23.10-24.10 

Enkeltrom: Kr 890,- inkludert frukost

Dobbeltrom / eige soverom i delt leilighet: Kr 650,- per person inkludert frukost.

På grunn av stor pågang oppmodar vi dei som har høve til å velje dette alternativet!